Det blir plass til bilar om bord i dei nye skipa til Havila Kystruten

Havila Kystruten får plass til å ta med bilar

Med Havila Kystruten har ein fått tenke miljø frå starten av. Då får ein plass både til batteripakkar og frakt av bilar, gods og passasjerar skriv selskapet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, fortel dei har lagt vekt på å kombinere tekniske gode løysingar om bord og praktiske gode løysingar for dei reisande, heiter det i ein pressemelding.

- Slik vil vi mellom anna ha god plass både til batteripakkane og frakt av bilar og gods slik at vi kan gi reisande og folk langs kysten eit best muleg tilbod, seier Myrvoll.

Det har vore spekulasjonar i media om skipa som skal segle Bergen-Kirkenes i framtida ikkje kjem til å ha kapasitet til å ta med bilar. Nyleg fekk også samferdselsminister Jon Georg Dahle spørsmål om dette i Stortinget

Havila Kystruten forsikrar om at deira skip har plass til å ta med bilar.

Arild Myrvoll seier Havila Kystruten har lagt vekt på å få til ei god ordning også for frakt av bilar trass i at det ikkje låg inne i anbodskrava frå Samferdselsdepartementet.

- Kvart år vert det frakta 25.000 bilar med skipa som seglar kystruta, og vi veit kor viktig dette er for folk langs kysten og for dei reisande. Difor har vi lagt dette inn som ein del av det tilbodet Havila Kystruten skal gi.

Plass til ni bilar

Kystrutene er 123 meter lange og 22 meter breie, og får plass til å ta med ni bilar og 190 pallar på kystruta mellom Bergen og Kirkenes. 40 av pallane kan også fraktast med kjøling eller frysing.

I tillegg til mannskap på 76 personar får Havila sine kystruter 468 sengeplassar for passasjerar og i tillegg til plass til 172 dagreisande.

«Havila Capella» , «Havila Castor», «Havila Polaris» og «Havila Pollux» er namnet på dei fire kystrutene. Med verdas største batteripakkar om bord i tillegg til ny teknologi på fleire område, vert dette dei mest miljøvenlege skipa som seglar langs kysten.