Dag Martin Frøystad frå Element One Energy.

Brenselceller til lunsj

Ein uformell HAVlunsj på VilVite-senteret i Bergen tok føre seg brenselcelleteknologi.

Publisert Sist oppdatert

Ein sette maten i halsen, men det stoppa ikkje Corvus Energy sin representant, Kristian E. Holmefjord, å fortelja om deira nye satsing. 

I samarbeid med Toyota skal dei ta brenselcellene deira på havet. Det gjer dei i produktet Coruvs Pelican.  

Produktet skal testast for første gong på Vestland Fylkeskommune sitt skuleskip Skulebas. 

I motsetning til Corvus Energy som har lågtemperatur-brenselceller, skal Alma Clean Power ha høgtempererte solid oxide fuelcells (SOFC)

- Me er Corvus si rampete kusine; umoden, kostbar, men veldig mykje heitare.

Desse skal per no drivast av LNG.

- Men me har òg prosjekt med ammoniakk, metanol og hydrogen. Neste steg er å ta denne LNG modulen ut på eit Odfjell tankskip og syna at det er mogleg. Etter det vil vert det ein fullskala pilot. 

I 2025 er det tenkt at produktet vert lansert og kommersialisert. Produktet er 80 kW modular, sett saman i større system. Målet er å produsera dei i Bergensområdet, før dei skal byggja ein fabrikk på Vestlandet. 

Brenselceller

HAV Hydrogen som er knytt til HAV group peika på deira tilnæring til det heile. Dei ser for seg eit container basert system, Dei ser og på løysingar for å integrera hydrogensystem i skipsdeisgnet. 

Dei fekk tidlegare i år prinsippgodkjenning frå DNV på desse containarane også kalla Zero Emission Pod-system. Det er eit nøkkelferdig maskinrom. Teknologien er baset på ein 20-fots container som ikje berre inneheld hydrogen brenselceller, men i tillegg naudsynt utstyr for å driva systemet på ein forsvarleg måte. 

Dette inkluderer mellom anna ventilasjon, kjølesystem, sikkerheit- og kontrollsystem, DC/DC-tavler , distrubusjonssystem for drivstoff samt andre tekniske installasjonar.

Systemet nyttar Power Cells sine brenselceller.

- Me er ikkje heilt i fuelcellkjerna, men det laget som er utanpå. Me sikrar at det rask og effektivt kjem om bord i skip som snart som mogleg, sa Kristian Osnes i HAV Hydrogen. 

Element One Energy

Startupselskapet Element One Energy var og innom å presentere sine visjonar.  Dei er no eit inkubatorselskap hjå Kongsberg Innovasjon. 

Dei satsar på effektiv elektrolyse- og brenselcellesystem. Dei ynskjer å introdusera ein ny elektrolysør og brenselcelledesign, med høg effektivitet, høg straumtettleik og høgt trykk basert på Proton Exchange Membran (PEM) teknologi. 

Dei er ikkje komne so langt enno ifølgje Dag Martin Frøystad, men dei fokuserar no på å elektrolysørsystem, som er kjerneteknologien, og vidare frammover er det ynskjeleg å laga brenselceller. 

- Me har gjort ein del testar med HVL og me ser at me klarar ein 14 prosent betring i forhold til det som er på marknaden med PEM-teknologi. 

Dei er no i gong med test av ein ny rigg på 2 kW. Dei håpar dei kan få midlar til eit liknande prosjekt med ein partnar og byggja ein 10 kW elektrolysør, og endå lengre fram i tid ein pilottest med ein kunde.