Illustrasjonfoto

Ynskjer slankare sjøfolk

Helsekrav til sjøfolk er eit viktig område når ein skal sjå på heilheten rundt tryggleiken om bord i skip. Det var bodskapen til sjømannslege Torleiv Kvalvik i eit foredrag på Sjøsikkerhetskonferansen i Haugesund.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er ikkje utan grunn at ein har helsekrav til enkelte yrkesgrupper. Sjøfolk skal kunne berge seg sjølve eller andre i ein mogleg farleg situasjon. Forutan å kunne berge seg sjølv eller andre, så må ein vera trygg på at ein heller ikkje utgjer ein belasting for det øvrige mannskapet om bord.

– Ein stor kropp kan skape vanskar når ein skal evakuerast med helikopter, når ein skal ta seg gjennom eit mannhull eller bergast opp av sjøen, understreka Kvalvik.

Sidan 1965 har andelen nordmenn med BMI på meir enn 35 auka frå 5 til 15 prosent. Dette utgjer ein stor tryggleiksutfordring også for skipsfartnæringa i Noreg. Her kunne Kvalvik visa til helsekrava som seier at BMI over 35 medføre hyrenekt for ein sjømann. Samstundes som helsekrava er viktige, i fylgje Kvalvik, etterlyste han ein dialog omkring ein justering av krava for å gjera dei betre tilpassa dagens kvardag om bord i skip.

Fleire reiarar har no sett at dei må gjera noko for å forebyggja overvekt blant mannskap og offiserar om bord på skip. Knutsen OAS er eit av rederia som no har satsa på dette gjennom helseprogrammet SHIP. I samarbeid med Sjøfartsdirektoratet har dei ansatte i rederiet fått veiledning i kosthald og trening. Mona Woll Håland frå Haugesund har vore prosjektleiar for dette arbeidet.

-Registreringa viser at det i fyrste halvår var 50 prosent som trente 2 gonger i veka. Dette trur eg rederiet er nøgd med, sa Håland under Sjøsikkerhetskonferansen. Ho understreka og at prosjektet og generelt har ført til auka trivsel og satt fokus på at leiinga i rederiet ser på dei ansatte som ein så vikitig resurs at dei har valgt å satse så mykje på dette.

Woll Håland håpar at fleire rederi satsar på førebygging av vektproblema. Dette vil dei tjene på meiner ho – både ut frå auka trivesel og betre helse og dermed også mindre fråvær som fylgje av vektrelatert sjukdom. Ho avslutta med ein liten peikefinger til sjøfolka: - Kvar enkelt sjømann må ta ansvar for eigen helse og nytta seg av dei tilboda som er om bord.