
Viktig milepåle for DNV GL og Harding Safety
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Harding Safetys livbåt FF1200 er den fyrste i marknaden som får samsvarserklæring (Statement of Compliance, SoC) utstedt frå DNV GL på at denne båten er i henhold til DNV-OS-E406 standarden som kom i 2010.
DNV-OS-E406 vart utarbeidd av DNV GL på førespurnad frå og i tett samarbeid med Norsk Olje og Gass (tidlegare OLF). I dag er DNV-OS-E406 den gjeldande standarden for alle nye frifall livbåtar plassert om bord på faste installasjonar som opererer på norsk sokkel. Regelverket er også gjeldande for flytande installasjonar, men desse er i tillegg omfatta av IMO sine krav i LSA-koden.
– Harding er naturlegvis svært stolte over å vere det firma som fyrst får utstedt denne samsvarserklæringa frå DNV GL. Det er DNV GL som har vore i førarsetet under utviklinga av standarden og for oss i Harding har det vore viktig å køyre denne prosessen om godkjenning i høve til 406 gjennom, nettopp, DNV GL, seier Alf Eidsvik, teknisk direktør i Harding Safety AS.
Det er ein lang og svært grundig prosess ein har vore gjennom i samband med denne erklæringa og det er ikkje berre produktet som har vore gjenstand for gjennomgåande testing og dokumentasjon. Også all metodikk, arbeidsmetode og programvare nytta i utviklinga og produksjon av FF1200 er gjennomgått og evaluert. Alt dette for at ein skal kunne tilby ein så trygg som mogleg livbåt til dei som arbeidar offshore. Samsvarserklæringa frå DNV GL stadfestar også at FF1200 oppfyller krava i Statoil sin utvida standard for frifall livbåtar GL0437.
– Det er gledelig at DNV GL sin standard har blitt brukt til design av en FF livbåt. Dette er en viktig milepæl som er nådd nå når vi har kunnet utstede den første SoC med referanse til E406 og dermed fått dokumentert standardens anvendelse i praksis, seier Prashant K. Soni, Business Development Leader - Marine Structures Trondheim & Lifeboats i DNV GL.