FOTO: Terje Kallevåg, Eidesvik

Viking Poseidon levert

Viking Poseidon forlot Ulsteinvik for påsetting av ei 250 tonns kran før jul. Tysdag 13. januar vart skipet levert til Eidesvik Offshore.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Reiarlaget er allereie over seg av forventningar til skipet. Vi tok skipet rundt Stadt med vind i orkan styrke før jul, og fartøyet viste seg å vere ein svært god sjøbåt, fortel prøveturskaptein og leiar for ettermarknad, Frank Strandebø i Ulstein Verft.Orkanen røska opp sjøen til 12 meter høge bølgjer, og skipet viste godesjøeigenskapar.
- Det var så vidt vi merka dei store bølgjene. Vi fekk verkeleg erfare atULSTEIN X-BOW® fungerer etter intensjonane, seier Strandebø.

Oppdrag i Mexico
Viking Poseidon skal no på oppdrag for Veolia ES Special Services Inc.(USA). Skipet skal vere base for avanserte undervassfartøy (ROV), som skal inspisere og reparere offshoreinstallasjonar i Mexico-gulfen. Kontrakten med Veolia er på åtte år med opsjonar.
Moderne konstruksjonsfartøy
Viking Poseidon er ein ULSTEIN SX121, eit stort subsea-konstruksjonsfartøy med ULSTEIN X-BOW®-design. Fartøyet er 130 meter langt, 25 meter breitt og har eit dekksareal på om lag 1500 m2. Skipet vil kunne ha eit mannskap på inntil 106 personar, og er mellom anna utrusta med ROV-hangar, helikopterdekk og dieselelektrisk fremdriftssystem.