Foto: Eidesvik Offshore

Verdas reinaste skip

Det flunkande forsyningsskipet Viking Lady, skal nytta naturgass som drivstoff. Tidleg i haust skal dessutan ei brenselcelle for første gong monterast om bord i eit større handelsskip.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ei brenselcelle er eit lite kraftverk, som nyttar naturgass som drivstoff. Produktet blir elektrisk straum, varme og noko karbondioksid.
Straumen frå brenselcella blir ei av straumkjeldene om bord i forsyningsskipet Viking Lady. Produsert varme skal nyttast til oppvarming av vatn om bord, opplyser prosjektleiar Tomas Tronstad i Det Norske Veritas.
Han seier vidare at utslepp av klimagassen karbondioksid frå ei brenselcelle er berre om lag halvparten av klimagassutsleppet frå ein dieseldriven motor og opp til 20 prosent lågare enn frå ein gassdriven stempelmotor.

Ingen NOx

Dessutan blir her ingen utslepp av nitrogenoksidar (NOx) og heller ingen utslepp av svoveldioksid (SOx) og ingen sotpartiklar som frå dieselmotorar.
Viking Lady er nettopp døypt ved verftet Westcon i Ølen. Om vel ein månad skal forsyningsskipet inn på ein langtidskontrakt for oljeselskapet Total i Nordsjøen.
Dette gassdrivne forsyningsskipet er det tredje i sitt slag som kjem inn i flåten til reiarlaget Eidesvik.
Brenselcella vil i prøvetida om bord kunne produsera om lag 10 prosent av den energien som går med til å driva Viking Lady.

Nok til 30 bustader

- Dette er likevel ei ganske stor kraftpakke, seier prosjektleiar Tomas Tronstad til Aftenbladet.
Han viser til at brenselcella kan levera 320 kilowatt. Det svarar til 425 hestekrefter. Eit vanleg bustadhus treng ca 10 kilowatt i gjennomsnitt av elkraft.
- I tillegg til lite forureining er det eit anna særs viktige og verdfullt tilhøve ved brenselcella. Den utnyttar energien i naturgass så framifrå.