Foto:STX Europe

Utlendingar møtte rusa på STX Florø

Då eit nytt arbeidslag møtte i porten på STX Florø på tysdag, blei fire av dei sett på første fly heim. Dei var fulle.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

STX-direktør Kjetil Bollestad er ikkje nådig i sin kommentar til den lite trivelege hendinga:

-Vi har innført eit nytt kontrollregime der vi både tek hyppige stikkprøver, i tillegg til å følgje godt med og teste når det føreligg konkret mistanke. Dette har vi fått full støtte for i Arbeidsmiljøutvalet i bedrifta, og vi gjer det med alle underleverandørar si velsigning.

Det er verftssjefen sin kommentar til hendinga tysdag, der rundt 50 personar blei alkotesta før arbeidsdagen starta på skipsverftet. Inkludert var eit heilt nytt utanlandsk arbeidslag som skulle ha sin aller første dag på jobb i Florø. Det var blant desse at dei fire rusa personane blei avslørte.


Hadde indikasjonar

Og dei nye rutinane som no er innførte, kjem ikkje som noka tilfeldigheit.
-Vi har dessverre ei tid hatt mistanke om at ikkje alt har vore som det skulle. Difor tok vi grep. At vi no avslører folk, er på sett og vis positivt. Eit skipsverft byr på farlege arbeidssituasjonar, både for den som rusar seg og ikkje minst for arbeidskameratar. Slike haldningar og handlingar kan vi ikkje leve med, seier Bollestad, som lovar å halde fram med hyppige testar.
Dei fire som blei avslørte kom til Florø kvelden før, og det var påfølgjande morgon dei møtte til jobb med promille. Arbeidslaget var henta inn gjennom eit firma som Bollestad ikkje ønskjer å namngje.
Blei testa sjølv

-Dette selskapet gjer ein solid jobb for oss, og dei har også tatt svært alvorleg på saka, seier direktøren, som strekar under at alkotestinga ikkje er noko som er retta særleg mot innleigd arbeidskraft.
- All innleigd arbeidskraft, alle eigne tilsette og alle leiarar kan risikere å bli testa i framtida. Det gjeld også tilsette i underselskap som utfører arbeid for oss, seier Bollestad.
-Har du sjølv blitt testa?
-Det har eg blitt. Og eg bestod testen, seier direktøren.
«Vi har dessverre ei tid hatt mistanke om at ikkje alt har vore som det skulle. Difor tok vi grep.»

Kilde:Firdaposten.no