Trur på vidare drift

Både tillitsvalde og leiing ved konkursramma Karmsund Maritime Service trur det blir vidare drift ved verftet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Etter at konkursen var eit faktum ved lunchtider tysdag, blei verftsområdet brått liggjande stille og aude. Men i tørrdokka ligg skipet «Normand Pinoer» tilhøyrande Solstad Offshore. Skipet er inne til overhaling og klassing.
Ved kaien ligg nybygget «Normand Ranger» knapt halvferdig. Dette skipet skulle også leverast til Solstad Offshore i Skudeneshavn.
- I tillegg til desse to skipa, som treng mykje arbeid om bord før dei er sjøklare, har me ein stor stab med høg kompetanse på skipsbygging og eit moderne verftsanlegg.

Mest ingen har slutta

Det vil difor undra meg svært mykje om her ikkje er ny drift innan kort tid, seier klubbleiar Helge Larsen til Aftenbladet.
Han får støtte frå klubbmedlem Trond-Inge Kristiansen, som har 11 år bak seg ved verftet. Platearbeidaren har familie, hus og lån på Vea på vestsida av Karmøy.
Berre ein av i alt 150 tilsette ved Karmsund-verftet har slutta og fått ny jobb i løpet av dei fem månadene uvissa har rådd rundt verftets framtid.
- Me er lojale og har tru på ei løysing for framtida, seier Kristiansen.

Banken styrer

Konsernsjef Margaret Hystad i Karmsund Maritime seier ho er villig til å tøya seg langt dersom ei restrukturering blir til beste for dei tilsette, for underleverandørar og for lokalmiljøet.
- Av våre 200 underleverandørar er om lag 150 her frå lokalmiljøet, seier Hystad.
Konkursen rammar driftselskapet til Karmsund Maritime Service. Eigedommar og verkstadanlegg ligg i eit anna selskap i Hystad-familiens konsern, som elles ikkje er konkursramma. Men Sparebank 1 SR-Bank har pant i verftsanlegget til ut 2010. Dermed er det banken saman med Garantiinstituttet for Eksportkreditt (Giek), som sit med nøkkelen til vidare drift ved verftet.

Skip må bli ferdig

Sparebank 1 SR-Bank har stilt lån og garantiar til rådvelde for Karmsund Maritime Service for 290 millionar kroner. Eit like stort beløp har Giek garantert for.
Kommunikasjonsdirektør Thor-Christian Haugland i Sparebank 1 SR-Bank seier at banken ikkje er framand for å bruka meir pengar ved Karmsund dersom dette kan medverka til å sikra banken mot større tap.
- Eg vurderar det som lite sannsynleg at her ikkje kjem i gang ny drift, seier Haugland.
Toppsjefen i Giek, Wenche Nistad, seier det viktigaste nå blir å sikra Giek og staten sine verdiar.
- Det kan truleg best skje ved at påbegynte skip blir gjort ferdige. Det første skipet trur eg absolutt blir stilt ferdig, truleg det neste også, seier Nistad. Etter at verftet er slått konkurs er også kontrakten med reiarlaget Solstad Offshore oppheva. Bustyret og bankane kan dermed selja skipa til kven dei vil.
- Men det er naturleg at me snakkar med Solstad, som hadde tinga skipa, seier Wenche Nistad i Giek.

Kostnadssprekk

Forseinkingar hos underleverandørar blei eit lagnadstungt problem for Karmsund Maritime Service i dette prosjektet. Skroget frå Polen som skulle vore klar for utrusting på Karmøy i mai i fjor kom til verftet først i desember. I fleire månader var det for lite for dei tilsette å gjera ved verftet. Dette blei kostbart over så lang tid og utan permitteringar.
Byggekontrakten frå 2006 lydde på vel 1 milliard kroner for dei to skipa til Solstad. Nå skal dei totale kostnadsrammene med bygging av to skip til Solstad ha auka med 25 prosent til 1250 millionar kroner.

Bustyrar

Desse ufatteleg store overskridingane blei Karmøy-verftet sin bane.
Bustyrar, Oslo-advokaten Tom Hugo Ottesen, skal i dag informera dei tilsette om vidare framdrift. - Bustyret må sikra verdiane til dei som har pant i buet og samstundes prøva å få til ny verksemd ved verftet. Men for å få det til er me avhengig av at nokon vil garantera for vidare drift, seier Ottesen.
Sparebank 1 SR-Bank og Giek har gitt lønsgaranti ut mars månad.

Kilde:Aftenbladet