Tok over fôrflåte
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I samband med Aqua Nor messa i Trondheim ligg det eit par store fôrflåtar til kai på Skansen. Den eine av dei vart onsdag formelt levert frå Akva Group til Egil Kristoffersen og Sønner AS.
Av: Vidar Alfarnes.
– Vi er både glade og stolte for dette oppdraget, og håpar og trur at flåten vil gjere god nytte for seg når han endeleg kjem fram til Vesterålen, seier regional salsansvarleg i Akva Group, Jørn Sivertsen.
Han bydde i tillegg på bobler, blautkake og blomar, samt overleverte Eva Maria Kristoffersen to fotopermar med flotte bilete av den nye flåten.
– Dette er vår aller første fôrflåte, og vi ser det vel eigentleg som ei naturleg utvikling. Teknologien tek oss stadig lenger, og vi ønskjer sjølvsagt å ha best mogeleg arbeidstilhøve for dei tilsette. Det er også eit stort pluss at vi kan få leveransar kvar fjortande dag, i staden for ein gong i veka. Vi snakkar trass alt om ein flåte som har plass til 600 tonn med fôr, smiler sjefen.
Taua til Aqua Nor
Flåten er bygd i Estland, og vart taua til Trondheim for å bli vist fram under Aqua Nor. Om nokre dagar går turen med taubåt vidare til Bø i Vesterålen.
Flåten har fått namnet Toimi.
– Bestefar var finsk. Toimi er imperativforma av å fungere og virke på finsk. Så får vi berre håpa at flåten klarar å etterleve namnet sitt, seier Kristoffersen som i 2008 tok over som dagleg leiar i selskapet, etter far sin Inge.