Ti år med magi
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Du hugsar kanskje gratiskonserten med a-ha, som samla 160.000 i hamna i Kiel. Color Magic skulle døypast, og berre det beste var godt nok. I dag er det på dagen ti år sidan.
Av: Vidar Alfarnes
Ingen tvil om at verdas største cruiseskip med bildekk, var ein stor attraksjon den gongen. Og interessa har sidan halde seg svært godt. I løpet av ti år har Color Magic aleine frakta om lag seks millionar passasjerar mellom Oslo og Kiel, og segla ei distanse som nærmar seg 60 gonger rundt jorda.
Luksusferja har også frakta eventyrlege 200 000 trailarar, og kring 450 000 bilar mellom Noreg og Tyskland. Det flytande hotellet er med alle sine lugarar (1 016) framleis det tiande største i Europa.
Driftssikker
Med unnatak av planlagde verkstadopphald har M/S Color Magic ikkje vore sjukemeldt frå teneste ein einaste dag på desse ti åra.
Søsterskipet M/S Color Fantasy vart til liks med jubilanten levert frå Kværner Masa Yards i Finland, tre år tidlegare.
Reiarlaget Color Line installerte og starta opp det første høgspent landstrømanlegget i landet, 10. oktober 2011. Dei to skipa brukar kring 5 GWh i året når dei ligg til kai i Oslo. Når skipa nyttar landstrøm vert CO2-utsleppa redusert med 3 000 tonn i året. Det tilsvarar årlege utslepp frå 1 700 bilar, og passar svært bra inn i Color Line sin miljøprofil.
Fakta om M7S Color Magic:
Lengde: 223,75 m
Breidde: 35 m
Djuptgåande: 6,8 m
Toppfart: 22,3 knop
Hovudmaskin: Fire Wärtsilä 8L46B dieselmotorar
Yting: 42 400 bhk
Tonnasje: 75 156 BT
Last: 6 133 dødvekttonn
Passasjerar: 2 750
Lugarar: 1 016
Køyrety: 550
Mannskap: 250