
Solund verft har vunne kontrakt på bygging av to arbeidsbåtar
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Solund verft har vunne kontrakt på to arbeidsbåtar til Engesund fiskeoppdrett, noko som sikrar omsetninga til verftet ut første kvartal 2018.
Det frermgår av ei pressemelding at designet på arbeidsbåtene til Engesund heiter «Solundbåten» og er resultat av eit samarbeid mellom Solund verft og Maritime Engineering i Knarvik. Båten vil vere 7,99m lang og 7,99 m brei med ein dieselmotor på 200HK. Arbeidet med bygginga vil starte om fem veker og båtane skal leverast høvesvis 12 mars og 13 april.
God start for dei nye leiarane
Dagleg leiar Morten Fuglum og driftssjef Frank Ødejord byrja i stillingane sine for nokre få månader sidan og er veldig fornøgd med å få ein slik god start. Fuglum har lang fartstid frå Roll Royce, medan Ødejord kjem frå stillinga som teknisk inspektør i Utkilen Shipping. «Solundbåten» var teikna for eit års tid sidan, men det er først no dei har aktivt prøvd å selje den inn til kunde. Dei fortel at dei har jobba iherdig med dette prosjektet sidan oppstarten, så det betyr mykje å dra det i land.
Fann ny leverandør på speed date i Førde
Sjølv om mykje av arbeidet vil utførast av Solund verft sine eigne tilsette, må dei ha hjelp frå underleverandørar. Dei er no i dialog med fleire, men vil ikkje namngje nokon før dei er på plass. Men dei kan bekrefte at Westcon i Florø skal levere stål til skrog og overbygg. Dette er eit resultat av deira deltaking på speed date i regi av Maritim Foreining i september. Her møtte dei verftssjef Mikael Johansen frå Westcon Yard Florø som kunne tilby noko Solund verft mangla sjølv.
Ønsker fleire «Solundbåtar» ut til marknaden
Fuglum og Ødejord seier at båten er eit konsept som passar til mange formål. Med sine gode stabilitet -og lasteevne burde den forutan om oppdrettsnæringa passe godt for dei ulike hamnene, til dømes til strandryddig.