Foto:STX Europe

Slutt på skipsbygging i Florø

STX Norway Florø nedbemannar med 120, og legg om drifta.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dei tilsette vart i dag informerte om at verftet gir opp å satse på å byggje fleire skip, og legg om til å bli offhoreverkstad etter at dei dei to båtane som står att å levere er ferdige i høvesvis november i år og mars neste år.

Tom ordrebok
Etter at desse skipa er leverte, er ordreboka for nye skip tom.

Drifta skal no rettast inn mot reparasjonar og vedlikehald for offshoreverksemda, opplyser verftsdirektør Kjetil Bollestad, personaldirektør Anne Karine Lysne og teknisk sjef Deon Mortensen til firda.no.

Dramatisk nedtrapping
Omlegginga vil føre til ei nedtrapping av arbeidsstokken frå dagens 200 tilsette til ein arbeidsstokk på mellom 60 og 80, opplyser leiinga. Nedtrappinga skal skje gradvis, fram til siste båt er levert neste år.

Ifølgje verftsdirektør Bollestad, finst det ikkje marknad for vidare skipsbygging.

– Difor er det i samråd med eigaren bestemt å gå til denne omlegginga, seier Bollestad til Firda.no.