
Skipsfarten i ei historisk endring
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Programmet på årets Sjøtryggleikskonferanse i Haugesund ber preg av at tradisjonsrike næringar er i endring. Diesel vert erstatta med batteri, førarlause skip kjem snart til ei hamn nær deg, og merdar slik vi kjenner dei er på veg inn i solnedgangen.
Av Vidar Alfarnes
Sturla Henriksen er sjølvsagt levande oppteken av alt det nye som oppstår, i ei tid der konkurransen innan skipsfart er tøffare enn nokon gong. Som alle andre ser toppsjefen i Rederiforbundet både positive og utfordrande sider med den raske utviklinga av autonome skip.
Nye løysingar
– Kan framande hacke seg inn på styringssystema og drive med manipulasjon og øydeleggingar, spurte han under opningsforedraget sitt. Og hadde sjølvsagt ikkje svar på dei spørsmåla. Men eitt visste han, og det var at morgondagen krev ny kompetanse for å regulere og hindre at slikt skal skje.
– Den ekstreme IKT-utviklinga gjer også at den tradisjonelle tenkinga kring det å drive eit reiarlag, må revurderast. Vi er gjerne på veg mot løysingar som liknar meir på Airbnb og Uber. Der det å eige data og ha tilgang på kundane vert det essensielle, og at i framtida kan kven det måtte vere organisere sine eigne skip.
– Må ta leiarrolle
Henriksen ser stadig meir bruk av proteksjonisme og nasjonalisme i internasjonal skipsfart. Drivarane er meir politiske, enn tufta på det samfunnsøkonomisk effektive. Presset på å ta i bruk nordområda er også ei anna utfordring.
– Utviklinga går ekstremt raskt, og Noreg må ta ansvar. Vi har både kompetanse og eit ansvar for å ta ei leiarrolle, når det kjem til reguleringar, vidareutvikling og sjøtryggleik i internasjonal skipsfart, helste Henriksen til Sjøfartsdirektoratet.
To megatrendar
Olav Akselsen og mannskapet hans tek gjerne ansvar, og dei veit veldig godt at dei går ei travel tid i møte. Sjøfartsdirektøren tek store ord i munnen når han skal forklare kva som skjer der ute.
– Vi lever i ei tid som kan samanliknast med den gongen båtane gjekk frå tre og segl til stål og steam. Det skjer ei total forandring på veldig kort tid. Sterkare miljøkrav og bruk av ny teknologi er to megatrendar som no smeltar saman. Vi har berre sett byrjinga, spår Sjøfartsdirektøren.
Vil vere best
– Vi har tradisjon i dette landet for å utvikle skip som har vore dei første innan sine felt. Veldig ofte på dispensasjon, sidan regelverket ikkje heilt har klart å halde tritt med utviklinga. Slik vert det nok endå meir av i tida som kjem. Vi veit det blir travelt, men vi vil som alltid gjere vårt for å påverke utviklinga av skip i positiv retning. Og målet er aldri mindre enn å gjere norsk innovasjon til internasjonal standard, smiler Akselsen.