Ronja Diamond døpes i Bergen under sykkel-VM. Foto: Olav Thokle

Skipsdåp for "Ronia Diamond" på lørdag

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Brønnbåten "Ronia Diamond", bygd ved Myklebust Verft for Sølvtrans, vert døypt i Bergen sentrum laurdag 23. september, midt under sykkel-VM-eventyret i byen.

Det fremgår av ei pressemelding at koplinga til sykkel-VM er Robin Halsebakk. Den 26-år gamle marknadssjefen i Sølvtrans sykla i sommar Noreg på langs – 4500 kilometer frå Grimstad til Kirkenes for å promotere sykkel-VM, besøke sjømatbedrifter og samtidig samle inn pengar til kreftsaka. Resultatet vart imponerande 1 million kroner! Desse vil verte overrekt til Kreftforeninga under dåpsseremonien på Statsraad Lehmkuhl-kaia i Bergen sentrum laurdag kl. 14.00.

"Ronia Diamond" er nyaste tilskot til den moderne flåten av brønnbåtar for Sølvtrans, og det nær 80 meter lange fartøyet er av typen NVC 387 frå Rolls-Royce. Søsterskipet "Ronja Ocean" vart levert frå Myklebust Verft i mars, og gjekk rett inn i ein langtidsavtale for OMS i Nord-Trøndelag. Båten har vore ein stor suksess for reiarlag og kunde frå dag ein.

Sølvtrans er verdas største brønnbåtreiarlag som driv transport av levande fisk. Ronia Diamond har ein brønnkapasitet på heile 3200 m3, og kan frakte om lag 500 tonn – tilsvarande rundt 150.000 levande fisk. I tillegg til transport av levende fisk, er også båten spesielt rigga for ferskvassbehandling for fjerning av lus.