
Skal bygge båter på Fiskholmen i Vannylven
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Barents Solutions AS har etablert seg på Fiskåholmen i dei tidlegare lokala til Ulstein Verft. Selskapet skal bygge båter i storleiken 8-24 meter samt vere underleverandør til industrien i området.
Båtane vert bygde anten i stål eller aluminium. Den første kontrakta er sikra og der er fleire som er interessert i å bygge, heter det i en pressemelding.
God interesse
- Vi har arbeidd ei periode med å etablere oss i dette markedet. Vi er positivt overraska over responsen vi har fått. Vi har mange som vil byggje båt så vi trur at det kan verte stor aktivitet etterkvart. Kapasiteten til anlegget tilseier at vi utan vanskar kan byggje 5-7 båtar i denne storleiken per år. Der er over 3000 kvadratmeter med hallar og stor krankapasitet, seier Harald Bigset dagleg leiar i selskapet.