
Sjøsetting i Sevilla
Byggnummer NB008, ein ULSTEIN PX 105 under bygging ved Astilleros de Sevilla i Spania, vart sjøsett 20. august. Verftet har i tillegg eit systerskip under arbeid.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det Kyprosbaserte reiarlaget EDT Offshore tinga i desember 2007 to skip av typen ULSTEIN PX105 frå Ulstein Design for bygging ved Astilleros de Sevilla. Kjølstrekk på skipa var våren 2008, og det første av desse to skipa vart altså sjøsett torsdag. Levering av skipa vert i 2009/2010.