Helge Gjerde

Rolls-Royce styrkar posisjonen i Brasil

Rolls-Royce har inngått kontrakter for framdrifts- og posisjoneringssystem til sju supplyskip til Brasil. Kontraktene har ein verdi på nærare 150 millioner kroner for Rolls-Royce.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Det er svært gledeleg at vi held fast på vår tradisjonelt veldig sterke posisjon i det brasilianske markedet også i denne runden av nye kontraheringar, seier direktør for Offshore Propulsion i Rolls-Royce Marine, Helge Gjerde.
- Brasil vil truleg vere den viktigaste enkeltmarknaden globalt innanfor Offshore i åra som kjem. Det skal byggast eit betydeleg antal skip og riggar dei neste fem åra, og brasilianske myndigheiter har klare ambisjonar om at ein stor del av desse skal byggast lokalt i Brasil. Difor sett Rolls-Royce no inn store ressursar på å styrke vår posisjon i denne marknaden. Blant anna opna vi eit heilt nytt service- og reparasjonsverksted i Niteroi utanfor Rio de Janeiro i 2009, seier Gjerde.
- Både verfta og reiarlaga bak desse kontraktene er aktørar vi kjenner godt frå før, seier salssjef i Offshore Propulsion, Olav Linge Fiskerstrand.
- Rolls-Royce sitt leveringsomfang varierar for dei ulike båttypane, men i hovedsak består det av thrusterar for framdrift og manøvrering, samt kontroll- og automasjonssystem for dynamisk posisjonering. Det meste av utstyret skal leverast i 2010 og 2011, og vil bli produsert i våre fabrikkar i Ulsteinvik og på Longva, avsluttar Fiskerstrand.
Skipa skal byggast ved brasilianske verft, nærare bestemt STX Promar (tre skip) og Alianca skipsverft (fire skip). To av fartøya ved STX Promar er kontrahert av Siem Consub, mens det tredje skal eigast av Deep Sea Supply. Det brasilianske rederiet Companhia Brasileira de Offshore (CBO) står bak dei fire fartøya på Alianca.