
Fjord1 på rekrutteringsfronten
Trass i finanskrise og tøffe tider for næringslivet i Noreg, er Fjord1 på jakt etter vel 80 maritime fagfolk i 2009, og vil trenge minst 300 dei neste tre åra.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Sjølv med elevauke ved maritime fag på vidaregåande- og høgskulenivå opplever norske reiarlag eit større behov for folk enn det i dag vert utdanna.
Fagsjef for rekruttering i Fjord1, Kurt Werner Holsæter, meiner behovet for maritime fagfolk vil auke i tida framover.
- På grunn av den sterke veksten i selskapet vårt, og fordi vi ynskjer å vere budd på å erstatte folk som går av med pensjon, reknar vi med at vi treng omlag 100 navigatørar, 100 dekksmannskap og i overkant av 90 maskinistar i løpet av dei neste tre åra, seier Holsæter.
- Vi ynskjer sjølvsagt at fleire vel maritim utdanning, legg han til.
Maritimt Forum i Stavanger stadfestar at behovet for sjøfolk vil halde seg høgt.
- Vi ser at fleire stillingar er etablert i næringa. Nye skip er blitt levert og fleire vil bli levert dei neste åra. I tillegg ser vi ei auke i gjennomsnittsalder, som medfører at tilsette som vert pensjonistar må erstattast. Vi reknar difor med at behovet for sjøfolk vil auke i åra som kjem, seier Bente Madsen Bærheim, dagleg leiar i Maritimt Forum Stavanger.
Holsæter meiner vidare at med dagens finanskrise bør ungdom vere ekstra på vakt når det gjeld yrkes- og studievala sine.
- Det er lenge sidan ungdommen har stått ovanfor så usikre tider som no – der yrke og utdanningar som for kort tid sidan var «bankers», no er usikre å satse på. Då kan det lønne seg å velje ein yrkesveg som både er spennande og har ei sikker framtid, seier han.
Han viser vidare til at behovet for sjøfolk er størst i innanriksfart, og at det er mange spennande jobbar i distrikta. - Med fokus på høgteknologi og miljø er det i dag fagleg utfordrande å jobbe på ferje. Dette er også yrker med variabelt arbeidsinnhald, kontakt med menneske, fleksible arbeidstidsordningar og nærleik til bustad og familie, seier Holsæter.
Oversikt - Rekrutteringsbehov i 2009:
Navigatørar: 31
Dekkmannskap: 32
Maskinistar: 23
TOTALT: 86
Oversikt - Rekrutteringsbehov i perioden 2009-2012:
Navigatørar: 110
Dekkmannskap: 126
Maskinistar: 98
TOTALT: 334