Federal Kivalina: Lossing snart i gang
Lossinga av bunkersoljen frå fartyet MS "Federal Kivalina", som grunnstøytte øst for Kristiansund mandag 5. oktober, er snart i gang. Når havaristen er tømt for drivstoff skal deler av lasta lossast før fartyet blir trekt av grunnen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Tankbåten som skal ta i mot oljen er på plass ved havaristen, og ein tek sikte på å fullføre lossinga av bunkersolje i løpet av kvelden.
Faren for forureining blir vurdert som liten. Bergingsselskapet, Taubåtkompaniet AS, har lagt ut lenser for å sikre tømmeoperasjonen. Dessutan har Kystverket henta utstyr som står klart i Kristiansund i tilfelle ein aksjon må iverksettast. I tillegg har depota i Ålesund og på Ørlandet 2-timars beredskap.
Fartyet kan ikkje trekkjast av utan at deler av lasta og blir fjerna. Så snart lossinga av bunkersoljen er ferdig byrjar derfor arbeidet med å losse deler av lasta i dei fremre lasteromma. Det er usikkert kor lang tid dette vil ta, men ein reknar med havaristen skal vere berga i løpet av helga.
Når "Federal Kivalina" er trekt av grunnen tek ein sikte på å slepe den til Sunndalsøra.