Ferjebillettørane på ferja mellom Sand og Ropeid må venta til rutetidene vert endra 1. mai før dei kan få seg ein skikkeleg matpause i løpet av dagskiftet. Foto:Suldalsposten.

Får matpause i mai

Eitt år utan lunsjpause. Det er det mannskapet på ferja på strekninga Sand-Ropeid må finna seg i.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Første mai i fjor kom det nye rutetider på sambandet Ropeid og Sand. I desse rutetidene er det ikkje tatt omsyn til at mannskapet om bord skal ha matpause i løpet av eit ellevetimars skift. På ferja mellom Ropeid og Sand jobbar ein billettør, ein maskinist, ein skipper og ein styrmann på kvart skift. Det er kort tid til lasting og lossing av passasjerar og bilar. Turen over fjorden tar berre ti minutt. Det gir ikkje billettøren store høve til å få ta seg ein pause.

Uhaldbart
Frå første mai i år blir ferjerutene endra. – Sannsynlegvis vert det ei endring i ruta i samsvar med Statens Vegvesen frå første mai, fortel hovudtillitsvalgt i Norsk Sjømannsforbund, Roy Arne Rimestad.
– Det er mildt sagt ikkje bra at det har tatt så lang tid, seier han oppgitt. Sjølv har han hatt dialog med rederiet og fremja ønske om fordeling av arbeidsdelinga slik at matrosen om bord skal får pausen han har krav på.
– Sidan midten av mai i fjor har eg prøvt å løysa matpauseproblematikken, seier han. Men det er Statens Vegvesen som legg rutene ut på anbud og som styrer rutene. – Eg kan ikkje seia kven som ikkje har følgt med i timen når rutetidene vart sett opp. Rimestad har gitt opp saka og har ført saka over til ny sakshandsamar i Sjømannsforbundet. – Eg kom ingen veg, avsluttar Rimestad.
Mannskapet på ferja er glade for at det vert ei endring i rutetidene slik at dei får pause i dagskiftet. Samstundes synest dei ikkje det er godt nok at det må gå eit år før det vert ei løysing. Allereie i april i fjor fremja mannskapet forslag om å flytta ein av pausane på kveldstid over på dagtid.

Kilde: Suldalsposten.no