
35 må gå frå verftet i Florø
Både produksjon og administrasjon vert ramma
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
STX Europe Florø seier opp 35 av dei 280 tilsette.
– Ei naudsynt tilpasning til situasjonen, seier verftsleiinga.
Fekk melding måndag
Dei verftstilsette i Florø fekk måndag beskjeden mange hadde frykta. 35 av dei tilsette blir sagt opp. Det blir oppseiingar både i administrasjonen og produksjonen.
Arbeid i eitt år
I helga var det tredje siste av i alt seks kjemikalietankskip til Stolt-Nielsen slept ut av dokkhallen. To skip til skal byggjast, noko som skaffar verftet jobb i eitt år framover. No set verftsleiinga alt inn på å få inn nye ordrar.
Tek berre lønsame oppdrag
– Det handlar no om å halde hjula i gang i påvente av betre tider, seier verftsdirektør Kjetil Bollestad. Han legg til at verftet ikkje kjem til å ta nye oppdrag som dei ikkje tener pengar på.
Fleksibilitet
– Vi må vere effektive og fleksible og tilpasse oss marknaden og produksjonsbehovet. Det er grunnen til at vi no dessverre må seie opp 35 tilsette, seier Bollestad.
Ingen over 58 må gå
Fagleg kompetanse, ansiennitet og sosiale omsyn vil bli vektlagt når det gjeld kven som skal gå.
– Ingen over 58 år vil misse jobben. Elles vil oppseiingane råke alle avdelingar og faggrupper på verftet, seier personalsjef Anne Karine Lysne.
Kilde:Firda.no