
3 millionar til SOS barnebyer
Ulstein Group har blitt hovudsamarbeidspartnar for SOS barnebyer. Konsernet skal gi eit bidrag på minimum 1 million kroner per år i 3 år.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Ulstein Group ønskjer å gå inn i eit langsiktig samarbeid med SOS-barnebyer for å kunne bidra til ei betring av born og unge sine oppvekstvilkår og utdanning. Den akutte situasjonen på Haiti har synt oss kor viktig det er med hjelp og gode støtteapparat for å bygge opp igjen samfunn etter kriser, seier HR-direktør Torild Bugge i Ulstein Group og held fram:
- Vi ønskjer også å støtte prosjekt som geografisk ligg i tilknyting til der vi har aktivitet, det første prosjektet vi skal støtte blir difor ei revitalisering av SOS-barnebyen Porto Alegre i Brasil. Vi ønskjer å vise at vi bryr oss og vi håpar at vi kan skape endå meir engasjement og sosialt medvit både blant våre tilsette og våre samarbeidspartnarar, seier Bugge.
100 000 til Haiti
I tillegg til treårsavtalen med fokus på barnebyen i Brasil har Ulstein Group også bestemt seg for å gi akutthjelp på 100 000 kroner til SOS-barnebyer på Haiti. Begge barnebyane på Haiti er bygde etter strenge krav og regelverk og vart ikkje råka av jordskjelvet. Dette betyr mellom anna at SOS-barnebyer på Haiti kan hjelpe mange born som har blitt foreldrelause etter katastrofa.
sikrar fleire born ein trygg heim. I tillegg driv SOS-barnebyer utdanningsprosjekt, medisinske senter og nødhjelpsprogram. Totalt gir organisasjonen dagleg hjelp til 1,3 millionar born og familiar. For meir informasjon besøk: www.sos-barnebyer.no