
Far Samson sette verdsrekord
Konstruksjonsfartøyet Far Samson sette under testing i natt uoffisiell verdsrekord med ei trekkraft på utrulege 423 tonn.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fartøyet er av typen UT 761 CD, har design frå Rolls-Royce, og er bygd for Farstad Shipping ved STX Norway Offshore sitt verft på Langsten.
Fartøyet si primære oppgåve er å pløge ned rørledningar på havbotnen. Slike operasjonar krev ei enorm trekkraft då fartøyet skal vere i stand til å lage opp til 2,5 meter djupe grøfter på havdjup ned til 1000 meter.
Under prøveturen sette altså fartøyet trekkraftrekord med 423 tonn konstant trekkraft. Til samanlikning har noverande konstruksjonsfartøy som utfører slike opersjonar ei trekkraft på om lag 280 tonn. Dette gjer Far Samson til det kraftigaste offshorefartøyet gjennom tidene.
Rolls-Royce har levert design og utstyr til ein samla verdi av 250 millionar kroner til Far Samson.
Kilde:Vikebladet