Storordre til Hellesøy Verft
Øystein Hellesøy i Kvinnherad har brukt sommarferien til å signera kontraktar for 700 millionar kroner.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Hellesøy Verft AS på Løfallstrand i Kvinnherad har fått ny storordre på nye supplyskip til reiarlaget KS Østervik som inngår i Solhaug-gruppa til Tor Østervold i Austevoll. Kontrakten omfattar to supplyskip på 85 meter av typen VS 485, der eitt av skipa er fast kontrakt og eitt er avtalt med opsjon. Samla kontraktsverdi for skipa er om lag 700 millionar kroner, skriver avisa Sunnhordland på sine nettsider.
Tor Østervold med samarbeidspartar har gjennom Solvik Offshore Group bygd fire supplyskip hos Hellesøy dei siste åra og har såleis etablert eit fantastisk godt samarbeid med verftet på Løfallstrand.
– Dette samarbeidet vert no ført vidare med dei nye ordrane og tilfører verftet på nytt ein verdifull ordresituasjon og full sysselsetjing for verftets sine 30 tilsette og ca 150 underleverandørar dei neste to åra, seier dagleg leiar Øystein Hellesøy til Sunnhordland.
Det første av skipa i den nye kontrakten skal leverast i september 2011 og det neste i følgje opsjonsavtalen i mai 2012. Reiarlaget og verftet har også med i framtidsplanane eit eventuelt tredje skip i serien for levering innan utgangen av 2012.