
Ulstein og Kleven blir med på søksmål mot allmenngjering
Ei rekke norske verft, blant desse Myklebust, Kleven og Ulstein Verft, blir med på søksmålet mot Tariffnemnda, som har bestemt at ufaglært, utanlandsk arbeidskraft skal ha same grunnløn som norske arbeidstakarar.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Dei andre verfta som blir med på søksmålet er STX Europe, Bergen Group Maritime Service, Bergen Group Shipsbuilding og Havyard Group. Verfta blir representert av NHO og Norsk Industri.
Fleire verft meiner at Tariffnemnda sitt vedtak om allmenngjering av tariffavtalen for skips- og verftsindustrien er å skulde dei for å behandle tilsette dårleg.
– NHO har ikkje vore imot allmenngjering som verktøy i tilfelle der dette viser seg å vere naudsynt. Føresetnaden er imidlertid at skuldingane om sosial dumping kan dokumenterast, kommenterer Sigrun Vågeng, direktør for arbeidslivspolitikk i NHO, til Vikebladet.no.
Ho meiner arbeidsforholda i skips- og verftsindustrien er ryddige og at lønnsnivået på eit generelt høgt nivå.
– Regjeringa melder i Statsbudsjettet for 2009 at tiltaka som allereie er sett i verk for å hindre sosial dumping har effekt. Og rapportane til Arbeidstilsynet viser at det har skjedd ei betring. Likevel vart allmenngjeringa vedteken. Dette viser at regjeringa og LO driv politikk gjennom ei tilsynelatande upolitisk nemnd, kommenterer Vågeng.
Vedtaket om allmenngjering gjer at kostnadene ved norske verft til auke sterkt. Pålegget til Tariffnemnda fører til høgare utgifter ved bruk av ufaglært utanlandsk arbeidskraft som er inne via vikarbyrå.
Kostnadene for innleigd arbeidskraft har tidlegare vore på om lag 234 kroner i timen. Medvedtaket som trådt i kraft 1. desember i fjor, vil timekostnadene bli på om lag 312 kroner.
Kilde: Vikebladet.no