Administrerande direktør Rolf Inge Roth (til høgre) og salssjef Lars Ståle Skoge, i Ulstein Design er godt fornøgde med utmerkinga ”Årets Gaselle i Møre og Romsdal” for andre gong.

Ulstein Design kåra til Årets Gasellebedrift

- Vilje til nyskaping driv oss framover. Vi har gjort oss bemerka med innovasjon og ULSTEIN X-BOW ®, dette skal vi utvikle videre og vi skal skape meir, sa ein fornøgd Tore Ulstein ansvarleg for forretningsområde Design og Solutions i Ulsteinkonsernet. På ein konferanse i Ålesund i dag vart Ulstein Design kåra til Møre og Romsdal si gasellebedrift 2008 av avisa Dagens Næringsliv.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Satsing på design
Ulstein Design fekk også denne utmerkinga i 2007, då også på landsbasis. - Andre året på rad som Årets Gasellebedrift stadfestar at kundane si interesse i designa våre er aukande, og at vi tek stadig større marknadsandelar. Dette gjeld også ute i verda, og er dermed eit teikn på at vi er i ferd med å lukkast med internasjonalisering av verksemda, seier administrerande direktør i Ulstein Design Rolf Inge Roth.
- Ulstein har fram til no lykkast innan offshore segmentet, men vi stopper ikkje med det. Vi skal skape eit robust miljø og satsar bevist innanfor heavy offshore og nærskipsfart segmentet. Vilje til nyskaping og evne til å realisere våre vekstambisjonar blir avgjerande framover, seier forretningsområdeansvarleg for Design og Solutions i Ulsteinkonsernet Tore Ulstein.
Samspel i kreativt miljø
- Samspel med andre bedrifter i Ulsteinkonsernet er avgjerande for leveransane våre. Meirverdien Ulstein Design tilbyr sine kundar er eit resultat av nedarva kunnskap. Både internt imellom selskapa i Ulsteinkonsernet og i relasjonar i den maritime klynga, presiserer Roth.
- I ei krevjande tid med stor auke i aktiviteten, er fleksibilitet og innsats som kvar enkelt tilsett syner ein særs viktig suksessfaktor. Stor interesse og engasjement for å skape og utvikle sin eigen arbeidsplass er avgjerande for at ein vekstbedrift skal lukkast, hevdar han.
Kva er ein gasellebedrift?
Gaselle har vorte eit omgrep for hurtigveksande bedrifter. Kåringa av gasellebedrifter er ei årleg hending. For å få gasellestatus må ein bedrift i løpet av dei fire siste åra ha dobla omsetninga frå minimum éin million kroner det første året, ha auka omsetninga kvart av dei fire åra og samla ha positivt driftsresultat.
Det er Dagens Næringsliv, i samarbeid med kredittvurderingsfirmaet Dun & Bradstreet, som kårar vinnarane.