Ulsteindesign for Heerema

Etter å ha utvikla konseptet og basisdesignen til Heerema Group sitt nye djupvass konstruksjonsfartøy, har Ulstein Group sitt nederlandske designselskap Ulstein Sea of Solutions (USOS) no fått oppdraget med den vidare prosjekteringa av fartøyet med det valte verftet, DSME i Sør-Korea.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I februar 2010 inngjekk USOS ein avtale med Heerema om å designe eit djupvass konstruksjonsskip, og ein intensjonsavtale vart i juli inngått mellom Heerema og byggjeverftet DSME, ein avtale som 24. august vart omgjort til ein byggjekontrakt for design, konstruksjon, testing, ferdigstilling og levering av skipet.
- Design for djupvass konstruksjonsfartøy er ei viktig satsing for Ulstein Group, og vi er veldig nøgde med at Heerema valte våre designløysingar til dette skipet. Det syner at den breie designkompetansen vår er anerkjent, seier viseadministrerande direktør Tore Ulstein i Ulstein Group.
Fartøyet er ein tilpassa versjon av fartøysdesignen Ulstein SOC 5000. Heerema-fartøyet med DPIII-klasse (dynamisk posisjonering) har ein roterande tungløftskapasitet på 4000 tonn, kan senke ned djupvassutstyr ned til 3500 meter, og har eit rørleggingstårn for såkalla ”J-lay” og ”Reel-lay”-operasjonar gjennom ein moonpool, som er ei opning i dekket og ned i sjøen. Skroget er spesielt designa for hurtig transittfart og optimale rørsler i operasjonar, og er utstyrt med 2 stk 6500 kW-motorar og 4 stk 3200 kW-motorar, noko som kan gi ei transittfart på 12-14 knop.
- Heerema sitt val av design syner at SOC5000-designen vår er eit solid grunnlag for å møte kundar sine behov, seier Bob Rietveldt, administrerande direktør i Ulstein Sea of Solutions, og held fram:
- Prosjektgruppa vår, under leiing av Edwin van Leeuwen, greidde å utvikle designen på rekordtid innan den tidsramma som Heerema fann påkravd for å kunne starte anbodskonkurransen for bygging av skipet.
USOS og DSME inngjekk 13. september ein samarbeidsavtale om engineering og integrering av alt utstyret frå Huisman som skal om bord.
Fartøyet sine hovuddimensjonar:
Loa (length over all) 211,5 m
Operating draught (djupgåande) 11,0 m
Lpp (length per pendicular) 197,6 m
Servicefart 12-14 knop
Breidde (moulded) 46,2 m
Installert effekt 6 x 7370 kW
Djupne (moulded) 16,1 m
Innreiing for 305 personar