Copyright: John Poulsson/Marine Subsea

Svært godt resultat frå Ulstein

Ulstein Group sine foreløpige tal syner at konsernet oppnår eit svært godt resultat i 2009. Selskapet har ei omsetning på heile 3,6 milliardar kroner og eit driftsresultat på 520,9 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi er svært glade for å kunne presentere gode resultat i ei tid som elles er utfordrande. Kommersialisering av design- og utstyrspakkar, bygginga ved eige og andre verft samt elektro- og kontrollsystem har gitt oss god inntening dei siste åra. Dette gir oss eit viktig grunnlag for å halde fram med å bygge eit robust konsern, sjølv om vi og må tilpasse oss ein utfordrande marknad, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.
Årsaka til dei gode resultata skyldast i hovudsak at ein har hatt fokus på leveringspresisjon og kostnadskontroll i alle ledd.
- Vi har ein svært solid organisasjon med mykje kompetanse som er utvikla over tid. Vi har hatt god prosjektstyring og gjennom dette oppnådd måla som er sett innanfor dei viktigaste områda våre, seier Ulstein.
Design og utstyrsvekst
Ulstein Group har dei siste åra gjort strategiske satsingar innan designområdet. Ein tilbyr no ei rekkje design- og utstyrsløysingar innan både offshore supply, heavy offshore (f.eks. drillskip) og nærskipsfart (f.eks. mindre containerskip) I løpet av 10 år har ein utvikla seg til å bli ein betydelig aktør i den maritime næringa. Området leverer svært gode tal for 2009.

Ordinært resultat før skatt: 518 millionar (2008: 431,1 mill kr)