Frå venstre Roger Kaldhol og Severin Gjerde

Turboservice frå SEVI

For å gi kunden kortare avstandar og leveringstider ved service av turboar har Service-føretaket SEVI komplettert sine eksisterande tenester innan motorservice med eiga teneste for turboservice og turboteknologi, ved lokasjonane Fosnavåg, Kristiansund og Bergen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

SEVI satsar sterkt innan turboservice og turboteknologi, og har etablert tenesta ved lokasjonane Fosnavåg, Kristiansund og Bergen. Det er investert i avanserte maskiner for balansering av turboar og dokumentasjon av kvaliteten på produkta. Sal av nye og brukte turboar vil vere ein stor del av denne tenesta frå SEVI. For kunden betyr dette kortare leveringsfristar for levering av nye og brukte turboar, samt rask betjening ved service og overhaling av både store og små turboar.
SEVI vil nytte turboservice til å betene kundar innanfor fiskeri, offshore, maritim næring, samt anlegg og transport. Selskapet satsar stort på å ha stort lager av turboar og reparasjonskit for rask betening av kunden.