
100 drillskip med framdrift frå Rolls-Royce
Rolls-Royce har signert kontrakt på levering av framdriftssystem til fire drillskip bestilt av verdas største drillingselskap Transocean, og passerer med dette ein milepæl på leveringar av framdriftsutstyr til 100 drillskip. Med seks thrusterar per skip tilsvarar dette totalt 600 thrusterar levert frå Rolls-Royce.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Dei siste månadane har Rolls-Royce vunne ordrar på framdrift for til saman sju drillskip med ein total verdi på nærare ein milliard kroner, inkludert opsjonar. Dette er skip bestilte av amerikanske Transocean, Pacific Drilling Company og Atwood Oceanics, samt brasilianske Queiroz Galvão Õleo e Gas. Drillskipa skal byggast ved Samsung og Daewoo verfta i Korea.
Rolls-Royce er marknadsleiar i dette segmentet, med ein marknadsandel på over 70 prosent.
- Vi er stolte over å vere ein strategisk partner i den kontinuerlige utviklinga av drillskipflåtar verda over, og spesielt glade for å nå ein slik viktig milepæl. Rolls-Royce har den mest komplette thrusterportefølja i denne delen av markedet, og vi set pris på den gjentekne tilliten kundane viser teknologien, produkta og tenestene våre, seier Helge Gjerde, Senior Vice President President for Offshore i Rolls-Royce.
Desse høgt spesialiserte drillskipa opererer i dynamisk posisjoneringsmodus (DP), og opprettheld posisjonen i boreoperasjonar ved hjelp av satellitt-teknologi, i staden for ankring. Dette set høge krav til thrusterane si yting og driftssikkerheit. I tillegg skal dei syte for effektiv framdrift i transitt mellom ulike olje- og gassfelt. Thrusterane kan demonterast under vatn, noko som sparar drillingselskapa mot tapt driftstid og inntjening når drillskipa slepp lange opphald i tørrdokk.
I tillegg til dei 100 drillskipa, har Rolls-Royce også levert thrusterar til 80 halvt nedsenkbare riggar, såkalla semisubmersibles.