UT 755 CD

Rolls-Royce med ny offshorekontrakt verdt 120 mill NOK

Rolls-Royce har inngått kontrakt med det Singapore-baserte offshoreselskapet PaxOcean om levering av skipsdesign- og utstyr til to offshore supplyfartøy av typen UT 755 CD.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kontrakten på desse to fartøya er verdt om lag 120 millionar kroner for Rolls-Royce, og inneheld også opsjonar på ytterlegare fire fartøy av same type. Rolls-Royce skal i tillegg til skipsdesign også levere mykje av hovudutstyret ombord, inkludert elektrisk drivne azimuth thrusterar og tunnelthrusterar, automasjons - og kontrollsystem, samt eit power electric system.
- Desse fartøya kombinerer eit velprøvd skipsdesign frå Rolls-Royce med integrert avansert teknologi som sikrar trygge og effektive operasjonar på dei ufordrande olje – og gassfelta rundt om i verda. Vi ser fram til eit fortsatt tett samarbeid med PaxOcean gjennom arbeidet med desse avanserte fartøya, seier Ronny Pål Kvalsvik, salssjef ved Rolls-Royce si designavdeling i Ulsteinvik.
Fartøya skal byggjast ved PaxOcean Engineering sitt verft for offshorefartøy i Zhuhai, Kina, og skal leverast i 2012.
- Vi er svært glade for at vi får byggje vidare på vårt gode forhold til Rolls-Royce, og for at vi får byggje dette leiande designet innan dieselelektriske offshorefartøy, seier YK Tang, global marknadsdirektør i PaxOcean.
UT 755 CD er ei vidareutvikling av den populære fartøytypen UT 755. Sidan det første UT 755 fartøyet vart levert i 1996, har meir enn 170 fartøy over heile verda av denne typen kome i operasjon eller er i bestilling. Stadig meir effektive skrogdesign, dieselelektrisk framdriftsteknologi og designløysingar som minimerer innverknad på miljøet og som forbetrar komforten og sikkerheita for mannskapet, kjenneteiknar dei nyare UT 755 modellane.