Ny storkontrakt for Rolls-Royce

Rolls-Royce har inngått kontrakt med STX OSV Trading om levering av avanserte ankerhandteringssystem til tre fartøy for NorSkan. Fartøya skal operere på olje- og gassfelt på store havdjup utanfor kysten av Brasil.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kontrakta omfattar nyskapande Rolls-Royce-teknologi og har ein verdi for selskapet på over 500 millionar kroner.
- Rolls-Royce leiar utviklinga av teknologi som set selskap i stand til å operere trygt i dei mest utfordrande forhold. Vår teknologi har fokus på sikkerheit, og sørger for at offshore-selskap får oppfylt sine oppgåver på ein effektiv og sikker måte, seier Arne Tande, Senior Vice President i Rolls-Royce si avdeling for Offshore Deck Machinery.
Eit nyutvikla strammesystem – rope tensioner system - mogleggjer lagring og sikker transportering av syntetisk tau som vert brukt spesielt på torpedoankera. Denne typen anker er utvikla for å takle den spesielle sjøbotnen og dei store havdjupa utanfor Brasil. Dei kraftige Rolls-Royce vinsjane er i stand til å handtere torpedoanker på opptil 130 tonn på om lag 3000 meters djup. Løysinga er ein del av Rolls-Royce sitt system for tryggare dekksoperasjonar.
Levering frå Rolls-Royce består også av hekkrull, haikjeft, taupinnar og ankerhandteringskraner. I leveringa er også det nyutvikla ALARS launch and recovery systemet som mogleggjer kontrollert bruk av dei ekstremt tunge ankera.
Levering av utstyr til STX OSV Niteroi Shipyard startar i 2012.