Mare Safety sin nye leverandøravtale gir nye marine moglegheiter og fungerer som ein døropnar til den landlege marknaden. Foto: Mare Safety

Mare Safety sikret leverandøravtale på bysseutstyr frå Metos

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Mare Safety AS frå Ulsteinvik er som kjent utstyrsleverandør av redningsbåtar, redningsmateriell og bysseutstyr til den maritime næringa verda over. No skriv selskapet i ei pressemelding at dei har sikra seg ein leverandøravtale på bysseutstyr frå Metos.

- Dette er heilt klart ein avtale som forbetrar Mare Safety sin posisjon som leverandør av komplette bysseløysingar til den maritime næringa. Avtalen, som vi no har inngått med Metos, gir kundane våre større fordeler som reinare linjer, konkurransedyktige prisar og rask leveringstid på både løysing og reservedelar, fortel produktsjef for bysser, Alexander Elvanes i Mare Safety i pressemeldinga.

Utstyrsleverandøren har i ei årrekkje levert bysseutstyr frå fleire kvalitetsleverandørar. Den nye avtalen gjer leveransane totalt sett enklare, noko produktsjefen håpar vil fungere som ein døropnar også til den landlege marknaden. Dei er alleire godt i gang.

Ser positivt på framtida

Sjølv om tidene ikkje har vore av det heldige slaget for verksemder i den maritime næringa, ser produksjefen positivt inn i framtida.

- Vi har hatt ein jamn pågang med ordrer frå ulike hald, noko som har resultert i at vi har hatt prosjekt å jobbe med. Med Metos si merkevare i ryggen, har vi no eit enda bedre produktsortiment å tilby våre kundar både på havet og på land. Prosjekt som kjem inn til Metos blir vidaresendt til oss, og våre prosjekt direkte ut i marknaden blir levert med forslag om Metos-produkt i første rekkje. Eg er veldig positiv til avtalen og den vidare satsinga til Mare Safety, avsluttar Elvanes.