Båten ved kai i Ulsteinvik, kort tid før avreise til Molde. Båten er levert av Mare Safety i Ulsteinvik, og er av typen MARE FRDC 12 Fire Fighter. Foto: Mare Safety/Joar Ødegård

Overleverte ny brannbåt

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Onsdag overleverte Mare Safety AS i Ulsteinvik ein ny brannbåt til Molde brann- og redningstjeneste.

Mare Safety stod i konkurranse med fleire gode konkurrentar om å byggje ny tenestebåt for Molde brann- og redningstjeneste. Juli 2013 sikra Mare Safety kontrakta, og kunne onsdag denne veka overlevere den nye farkosten til eit noko spent og forventningsfullt brann- og redningsmannskap ved bryggekanten til Quality Hotel Ulsteinvik.

Høge krav

–  Vi har hatt, og har framleis høge forventningar til denne nye brann- og redningsbåten frå Mare Safety. Denne nye båten vil gje ein mykje betre beredskap på Moldefjorden enn det vi har i dag. Den nye båten sine eigenskaper vil i slik måte skape ein revolusjon med tanke på tryggleiken på Moldefjorden, seier varabrannsjef Trygve Lennavik, ved Molde brann- og redningstjeneste.

Lennavik fortel at bruksområdet no vert utvida ved at dei får ein ny og meir moderne båt, med også høgare funksjonalitet.

–  Det var ei veldig grundig vekting mellom tilbydarane som meldte seg etter at anbodet vart lagt ut på Doffin. I kravspesifikasjonane i anbodet stod det skrive kva som krevjast i den nye båten. Funksjonalitet og utforming var vesentlege faktorar i tillegg til pris, der konkurransen stort sett var jamn. Det var Mare Safety som drog det lengste strået. No etter enda byggjeperiode er vi svært nøgd med valet vårt, seier Lennavik nøgd.

Kravspesifikasjonen speglar bruksområda til båten. Lennavik legg vekt på at eitt av dei er kortare utrykkingstid til blant anna Sekken.

–  Primærmålet med båten er å ha kortast mogleg utrykkingstid til øya Sekken ved bygningsbrann. Her skal vi kunne rykkje ut raskt med eit mannskap på minimum fire personar. Den lange responstida ut til øya Sekken har tidlegare vore eit avvik for oss. Men no er dette og fleire andre krav tilfredstilt. Sekundært skal båten utføre andre typar redningsoppdrag. Det kan blant anna være båtslep, oljevernaksjonar, lensing, og transport av folk og utstyr. Den er også rigga for transport av ATV om dette skulle være nødvendig. Denne båten trur vi kjem til å verte mykje brukt, seier Lennavik.

[gallery columns="2" ids="12121,12120"]

God oppfølging

Sjølv om kravspesifikasjonen har sett standarden for utforming i byggjeperioden, har Molde brann- og redningstjeneste hatt god innverknad gjennom heile byggjeprosessen. Det er dotterselskapet av Mare Safety, Mare Safe Sea som har utrusta båten, der Trygve Gaustad har stått som prosjektleiar. Han får skryt frå Molde brann- og redningstjeneste.

–      Vi har hatt mykje god kommunikasjon med produktsjef Geir-Ove Molvær i Mare Safety, men mest med Trygve Gaustad frå Mare Safe Sea. Gaustad har følgt oss opp svært godt, der vi gjennom gode dialogar har fått kome med innspel i byggjeprosessen. Vi har vorte lytta til å fått sjansen til å kome med idear og innspel. Ein av suksessfaktorane for dette prosjektet er heilt klart Trygve, skryt Lennavik

Molde Brann- og Redningstjeneste ser optimistisk fram til nye tider på fjordane, der tryggleik er satt i høgsetet. Båten dei fekk overlevert onsdag er av typen MARE FRDC 12 FF (Fast Rescue Daugther Craft 12 Fire Figther).Denne båtmodellen er konstruert for å operere under svært tøffe forhold i Nordsjøen, og den vil bidra til å gjere Molde brann- og redningstjeneste enda betre i arbeidet sitt. Båten er utrusta etter brannvesenet sine spesifikasjonar, og har fått same uniformering og farge som brannbilane.