Både Kystverket og Kongsberg Norcontrol er nøgde med radaravtalen. Frå venstre: Kystverkets prosjektleiar Richard Aase, sjøsikkerheitsdirektør Arve Dimmen, director marketing and sales Steve Guest, kystdirektør Kirsti Slotsvik, salesmanager Eivind Solberg

Ny radaravtale

I desember signerte Kystverket og Kongsberg Norcontrol ein rammeavtale for radarar til dei fem sjøtrafikksentralane til Kystverket. Avtalen varer i fem år og har ein verdi på om lag 50 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Denne avtalen gjev oss moglegheita til både å skifte ut dei radarane vi har og til å sette inn fleire der det trengs. Den omfattar både det tekniske og konsultasjonar, forklarar Kystverket sin prosjektleiar, Richard Aase.


Oppgradering til solid state-radarar
Reint teknisk inneber utskiftinga ei oppgradering frå magnetron-radar til solid state-radar.
– Å gå over til solid state-radarar medfører fleire fordelar. Det gjev høgare oppløysing, noko som gjer det enklare å skilje fartøya frå kvarandre på skjermane. Solid state er elektronisk og vil ikkje krevje utskifting av utslitne delar, medan den meir mekaniske magnetron-radaren gir slitasje på delar som må skiftast med jamne mellomrom. Dermed vert det også mindre nedetid enn før. Dei nye radarane får dessutan lengre rekkjevidde og vil vere mindre sårbare for dårleg vêr, forklarar Kystverket sin prosjektansvarlege, Richard Aase.

– Kostnadseffektivt
– Kystverket og Norge er første store sivile leveranse som tek ei heilskapleg oppgradering til solid state-radarar. Ein vil merke at ei slik nasjonal heilskapleg tenking er meir kostnadseffektiv enn å gjere utskiftningane avgrensa til kvar trafikksentral, seier Steve Guest, director of marketing and sales i Kongsberg Norcontrol.

I løpet av dei komande fem åra vil trafikksentralane langs kysten få utskifta sine gamle radarer, med supplering der det er behov for det.

– Vi startar med å skifte seks radarar i Oslofjorden. Den aller første blir på Gullholmen, der vi av omsyn til fredingsbestemmelsar må vere ferdige før hekketida til fuglane der, fortel Arve Dimmen.