
Utsett oppstart i Vatlestraumen
Utbetringsarbeidet i Vatlestraumen er utsett, og blir tidlegast starta opp i november. Utsettinga av prosjektet heng saman med at Kystverket sin søknad om rammeløyve krev lenger kommunal behandlingstid.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Utbetringstiltaket, som skulle starte opp allereie i haust, går ut på å sprenge ned grunnflaket der MS Rocknes havarerte i 2004.
Vatlestraumen ligg nordaust for Bjorøy i Fjell kommune, Hordaland, og er ein del av hovudleia i innseglinga til Bergen frå sør. Årleg registrerer Kystverket om lag 14 000 skipsrøyrsler i det tronge sundet.
Utbetringa av Vatlestraumen er eit prioritert tiltak i regjeringas Nasjonale transportplan for å auke tryggleiken for skipstrafikken.