Island Intervention er straks klar for krevjande oppdrag i Norskehavet.

Island Intervention døypt

Konstruksjonsfartøyet Island Intervention av typen SX121 design frå ULSTEIN vart fredag 12.august døypt. Reiarlaget Island Offshore har store forventningar til fartøyet som i haust skal ut på avansert arbeid i Norskehavet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Island Offshore er i dag verdas største leverandør innanfor lett brønnintervensjon og administrerande direktør i reiarlaget Håvard Ulstein seier at alle fartøya deira er fullbooka med arbeid:
- Dette nye fartøyet vil bli eit svært viktig tilskot i flåten vår. Island Intervention skal i haust installere ein serie med ”produksjonstre” på havbotnen for eit norsk oljeselskap i Norskehavet. Dette er svært avansert arbeid, men vi er trygge på at med det rette mannskapet vil dette fartøyet vere det beste verktøyet for jobben. Våre erfaringar med systerskipet Island Constructor levert frå ULSTEIN er svært gode, vi har difor store forventningar til dette nye fartøyet, avsluttar Håvard Ulstein.

Fartøyet er 25 meter breitt og 120 meter langt. Det har innreiing for 100 personar. Fartøyet er utrusta med tårn for modulhandtering, moonpool, ROV-hangar, offshorekran, helikopterdekk og dieselelektrisk framdriftssystem. Fartøyet er også utstyrt med ULSTEIN COM™ og ULSTEIN IAS™.