Trond Strømgren i NCE Subsea. (Foto: NCE Subsea)

Jublar over pengestøtte til kompetanseutvikling

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Maritim Forening Sogn og Fjordane og NCE Subsea kan slippe jubelen løs etter at det måndag 15. desember blei klart at næringsmiljøet får inntil 500 000,- kroner i støtte frå Innovasjon Norge til kompetanseutvikling. 

– Dette betyr svært mykje for næringsmiljø i heile Sogn og Fjordane, seier prosjektleiar Trond Strømgren. Pengane skal nyttast på ulike satsingsfelt og tiltak, både kortsiktige og langsiktige. Vi skal bidra til å styrke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og regionalt næringsliv, sikre rekruttering av kompetent personell, forsterke næringslivet sine relasjonar med omverda og kartlegge behov og legge til rette for relevante kurs og etter- og vidareutdanning. Sjølv om det norske oljefondet i utlandet er rekordstort, er det likevel noverdien av framtidig arbeidsinnsats som utgjer hovuddelen av den norske nasjonalformuen. - Satsing på kompetansebygging er derfor avgjerande for å oppretthalde velstandsnivået i Noreg. Vi har tru på at vårt arbeid vil bidra til å styrke den maritime og petroleumsretta industrien i Sogn og Fjordane, avsluttar Strømgren.

Eit særs godt prosjekt

– Maritim Forening Sogn og Fjordane har i samarbeid med NCE Subsea levert ein veldig god søknad, der dei presenterer eit særs godt prosjekt. Det seier seniorrådgivar i Innovasjon Norge, Per Øyvind Voie.

Han er ansvarleg for Innovasjon Norge si teneste Kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø, og ser frem til å følgje prosjektet tett framover.

– Den maritime næringa i Sogn og Fjordane rettar seg meir og meir mot petroleumsindustrien, og for å lykkast i denne satsinga er kompetanse avgjerande. Vi gleder oss til å jobbe saman med både prosjektleiinga og dei regionale samarbeidspartnarane for å nå måla i prosjektet. Vi håper kompetansesatsinga både vil styrke grunnlaget for eksisterande arbeidsplassar og legge grunnlaget for nye, avsluttar Voie.

Kilde: maritimsfj.no