Styrket slepeberedskap frå årsskiftet

Frå 1. januar vart den nasjonale slepeberedskapen utvida til også å gjelde Vestlandet. Etter ein tøff konkurranse med fleire gode og kvalifiserte tilbydarar, vart Buksér og Berging AS vald som leverandør av nasjonal slepeberedskap på Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fartyet som skal ta i vare slepeberedskapen er T/B "BB Ocean", som har operasjonsområde mellom Kristiansund og Fedje. Kontrakten er på eitt år, med opsjon på eitt ekstra år. Fartyet vert disponert av Kystverket, og Vardø trafikksentral har operativ kontroll over fartyet.

"BB Ocean" er bygd i 2006, er 34,6 meter lang og har ei slepekraft på 75 tonn. I tillegg til slepekapasitet, er fartyet utstyrt med oljevern- og brannsløkkingskapasitet (FIFI 1).
(Spesifikasjoner for "BB Ocean")

I kontrakten med Kystverket, har leverandøren også plikta seg til å installere oljedetekterende radar og infraraudt kamera om bord. Det vil gjere fartyet i stand til å oppdage olje på sjøen også i mørkret.

Kystverket er særs nøgd med å ha "BB Ocean" som ein del av den nasjonale slepeberedskapen. Vardø trafikksentral, som har ansvar for overvaking av all skipstrafikk utanfor grunnlinja langs kysten, vil posisjonere fartyet ut frå den til ei kvar tid gjeldande risikovurdering.

– Dette vil vere med på styrkje tryggleiken ytterlegare for sjøfarande langs kysten, seier kystminister Lisbeth Berg-Hansen, som er godt nøgd med at det no er inngått ei kontrakt for slepeberedskap på Vestlandet.