Fjord1 bestiller hos Brødrene Aa

Fjord1 har inngått kontrakt med Brødrene Aa om bygging av ein ny passasjerbåt for rutefart i Gulen og Ytre Sogn.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Båten, som vert levert i november 2012 og sett inn i rute 1. januar 2013, er utvikla av Brødrene Aa i tett samarbeid med Fjord1 Fylkesbaatane. Passasjerkatamaranen vert bygt ved Brødrene Aa sitt anlegg i Hyen og vert verftet sitt bygg nr. 269.

Kontrakten er vunnen i ein konkurranse mellom tre ulike verft.

- Det er svært hyggeleg å vinne ein slik anbodskonkurranse og dette er eit viktig prosjekt for oss. Vi har hatt eit godt samarbeid med Fjord1 Fylkesbaatane tidlegare, og det er kjekt at dei kjem tilbake for å kjøpe nye miljøvenlege karbonfiberbåtar, seier dagleg leiar i Brødrene Aa Tor Øyvin Aa.

Den nye hurtigbåten er miljøvenleg, med drivstoffreduksjon på minst 30 prosent og ny

motorteknologi, gjer at NOx-utslepp blir redusert med nærare 50 prosent. I tillegg til dette vert partikkelutslepp og svovelutslepp vesentleg redusert.

- Gjennom å nytte karbonfiber sandwich som byggemateriale kan det byggast båtar med mindre vekt, og i tillegg til det siste og beste innan motorteknologi, vil hurtigbåten ha same fart med mindre yting. Dette vil igjen bety mindre drivstofforbruk og utslepp, seier administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane Stig Kristoffersen.

Om den nye passasjerbåten

Passasjerbåten får ein total lengde på 21m breidde på 7,5m og ein kapasitet på 48 passasjerar pluss mannskap. Den skal byggast iht. Det norske Sjøfartsdirektoratet (NOR) fartsområde 3, klasse D, inntil 5 nautiske mil. Den nye båten vil ha ein servicefart på 28 knop, ei dødvekt på om lag 7,6 tonn, samt universell utforming med alle fasilitetar for passasjerar lett tilgjengeleg på eitt dekk. Innreiinga vert generelt av høg standard med f.eks. stolar i hud og elles tilsvarande som dei andre to båtane Fjord1 Fylkesbaatane har fått levert frå Brødrene Aa – ”Fjordprins” og ”Sognekongen”.

Auka sikkerheit og betre komfort

Reisande kan forvente sikrare og meir komfortable båtar.

- Den nye passasjerbåten tilfredsstiller dei nyaste og strengaste krava til tryggleik. Fartøyet er godkjent etter den internasjonale HSC 2000-koden og skal dimensjonerast etter DnV HSLC regelverk. Vidare er det lagt vekt på universell utforming og god tilrettelegging i høve enkel ombord- og i landstiging, seier dagleg leiar i Brødrene Aa Tor Øyvin Aa.

- Vi har som mål at reisa skal være ei god oppleving i seg sjølv, seier Kristoffersen, og har difor lagt godt til rette for passasjerane med høg reisekomfort, seier administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane Stig Kristoffersen.

Miljøvenleg drift

Fjord1 ønskjer å være leiande i utviklinga av miljøvenlege transportløysingar. Samtidig skal dei gje passasjerane eit tilbod av høg kvalitet, og vere eit konkurransedyktig alternativ både for passasjerar og for oppdragsgjevar. Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland, meiner miljøtiltak, forretningssuksess og kundenytte bør gå hand i hand.

- Dersom vi skal bli eit meir miljøvenleg samfunn, må det løne seg for kundar og selskap å ta i bruk miljøvenleg teknologi.

Fjord1 har lenge fokusert på miljøvenlege transportløysingar. Selskapet sette i drift verdas først gassferje, Glutra, i Møre og Romsdal i 2000, og er framleis åleine i marknaden på drift av bilførande gassferjer. Ferjesambanda på Kyststamvegen i Rogaland og Hordaland har sidan 2007 blitt trafikkert av fem store gassferjer frå Fjord1. I 2010 vart dei tre nye ferjene Moldefjord, Fannefjord, og Romsdalsfjord blitt sett inn i sambandet Molde – Vestnes og i 2012 sette Fjord1 inn verdas største gassferje i drift på Arsvågen-Mortavika sambandet.