Tømming av "Boardale", standby. (Illustrasjonar fra Frank Mohn AS)

Vraktømmingsoppdrag til Frank Mohn AS

Frank Mohn AS er tildelt kontrakt for å fjerne olje frå dei tre skipsvraka "Erich Giese", "Neuenfels" og "Boardale".

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kystverket har tildelt kontrakt til Frank Mohn AS for å tømme tre skipsvrak for olje. Oppdraget gjeld vraka av "Erich Giese" og "Neuenfels" i Ofotfjorden og vraket av "Boardale" utanfor Vesterålen. Tildelinga skjer etter ein offentleg anbodskonkurranse.

Frank Mohn AS skal nytte sitt ROLS ROV-system i tømminga av vraka. Dette er eit ROV-system (miniubåt) som har blitt nytta i samband med tømming av totalt 16 skipsvrak sidan midten av 1990-talet, utan at det under desse operasjonane har skjedd utslepp av større oljemengder til miljøet.

Tømming av "Boardale", operation.


Operasjonen startar opp i Narvik hamn i midten av august og skal vere avslutta i løpet av oktober. Frank Mohn AS kjem til å nytte eit av Kystverkets slepeberedskapsfarty som plattform under oppdraget.

– Kystverket er nøgd med å tildele kontrakten til ein profesjonell aktør med lang erfaring knytt til fjerning av olje frå skipsvrak. Vi er trygg på at Frank Mohn AS utfører operasjonen på ein både sikker og forsvarleg måte. I tillegg vil ein, ved å nytte allereie offentlege finansierte plattformer i den nasjonale slepebåtberedskapen, kunne gjennomføre operasjonen innanfor dei tildelte rammene på 30 millionar kroner i Statsbudsjettet, seier seksjonssjef Hans Petter Mortensholm i Kystverket.