Westcon Helgeland har opna ny dokk. Her er bilete av den gamle dokken.

Westcon Helgeland opna ny dokk

14. desember opna Westcon Helgeland den nye og sårt etterlengta tørrdokken sin i Langsetvågen.

Publisert Sist oppdatert

Dokken har ei innvendig lengde på 12 meter, innseglingsdjupne på 9 meter og innseglingslengde på 27 meter.

Dokk 2 var i følgje dagleg leiar i Westcon Helgeland, Arnt Skogsøy heilt naudsynt då den gamle dokken sin kapasitet var sprengt.

Skogsøy seier til Ranablad at dei no vil kunne ta unna toppane og vera i beredskap for uforutsette hendingar.

– Den kan gje opp mot 40 nye arbeidsplassar. Dette betyr sjølvsagt mykje for lokalsamfunnet, seier Skogsøy til avisa.

Det stadfestar ordføraren i Nesna kommune Hanne Davidsen til Ranablad. Ho seier det er ei glede å sjå at Dokk 2 klar til bruk og ser fram til full drift.