Sel terminal i Australia

Det tenar dei godt på.

Publisert

Wallenius Wilhelmsen hat inngått ein avtale om å selja Melbourne International RoRo & Auto Terminal Pty Ltd (MIRRAT-terminalen) til Austrailian Amalgamated Terminals Pty Ltd, som er eit heileigd selskapa av Qube Holding Limited, går det fram i ei børsmelding. 

Austrailian Amalgamated Terminals Pty Ltd er Australias største logistikkleverandør, og betalar no 220 millionar dollar, som er 332,5 millionar australske dollar, for terminalen. 

Transaksjonen er venta å få endeleg godkjenning i tredje kvartal 2024. 

– MIRRAT-terminalen har vore ein sterk kommersiell og finansiell investering for oss. Prisen viser verdien i logistikkdelen av selskapet. Me held fram å investera i integrerte tenester og meiner at ein uavhengig terminal med open tilgang vidareutviklast betre av andre eigarar. Me fortset å vera kunde av MIRRAT-terminalen og jobbar vidare med dei flinke folka der, seier administrerande direktør i Wallenius Wilhelmsen, Lasse Kristoffersen.