«Viking Octantis»

Skulle ha ordna opp, men Arbeidstilsynet avdekte fleire feil

I 2021 vart det avdekt feil hjå Vard Søviknes.

Publisert Sist oppdatert

Verftet fekk avdekt fleire feil, som gjekk på løn av arbeidarane som bygde skipet «Viking Octantis». Arbeidstilsynet konkluderte då med at det var brot på plikta om å sjå til at alle fekk minsteløn.

Til NRK hevda Vard at det vart ordna opp i.

I februar avdekte Arbeidstilsynet likevel at ni spanske heismontørar frå selskapet Electromecánica Del Noroeste fekk for låg løn. Nokre ned mot 80 kroner timen, skriv NRK.

Under ein stikkprøve i sommar vart det igjen avdekt feil.

Til NRK har bekreftar Vard at det har vore avdekt feil hjå fleire underleverandørar, men vil ikkje seia noko om omfanget, eller kven det gjeld.

Etter hendinga i februar krevde Vard at selskapet etterbetalte dei tilsette. Det bekreftar Arbeidstilsynet at arbeidarane fekk.

Arbeidstilsynet har vore i kontakt med Vard og stadfestar at det er gjennomført ei rekke endringar på systemnivå, og at det vert gjort endå fleire.