Sveinung Odegard, president i Zinus Power LLC.

Vann landstraumkontrakt i USA

Zinus Power LLC er tildelt ein kontrakt frå Connecticut Port Authority i samband med New London State Pier Shore Power Project.

Publisert Sist oppdatert

Leveransane frå Zinus vil bidra til auka landstraumkapasitet gjennom tilkopling av fartøy via batteridrivne, mobile kabelhandteringssystem for landstraum. Leveringa er planlagd til slutten av fjerde kvartal 2026.

Kontrakten er den første der montering skjer i USA, og reflekterer Zinus si satsing på å møte krav til lokal verdiskaping i den amerikanske marknaden, heiter det i ei pressemelding.

– Vi er stolte over å få vere med på dette viktige prosjektet saman med Connecticut Port Authority, seier Sveinung Odegard, president i Zinus Power LLC. 

– At vi no aukar aktiviteten vår i USA, viser at vi satsar langsiktig i marknaden. Det er også positivt å sjå at vi allereie er godt i gang, byggjer opp lokal aktivitet i USA og bidreg til utvikling av meir klimavenleg hamneinfrastruktur.

Zinus held fram med å styrkje aktiviteten sin i Nord-Amerika, og leverer innovative løysingar for landstraum og lading som bidreg til at hamner og fartøysoperatørar kan møte stadig strengare miljøkrav.