MS «Multi Explorer» ble bygget ved Sletta Verft for FSV Group
Foto: Sletta Verft
Var uoppmerksam - gjekk på grunn
I august gjekk «Multi Explorer» på ein smell.
Meir nøyaktig den 09. august klokka 10:10.
«Multi Explorer» hadde akkurat ankome Mowi Havsundet. Her var det kuling frå sør-aust, klårvêr og ein halvmeter høge bølgjer, skriv dei i ulukkesrapporten til Sjøfartsdirektoratet.
Vaktbåten «Uvær» kalla «Multi Explorer» opp på VHF kanal 16, og ba dei byta til kanal 8. Her vart det informert om at det var skyteaktivitet i området. Det vart òg registrert at ein jarnstake mangla, og fartøyet kjem nærare grunnen enn ynskja.