F.v: Halvard Slettevold (STADT) og Paul Hughes (SHIFT)
F.v: Halvard Slettevold (STADT) og Paul Hughes (SHIFT)

STADT og SHIFT Clean Energy dannar partnarskap

SHIFT Clean Energy inngår eit tett samarbeid med sin partnar STADT, ein leiande leverandør og systemintegrator for elektrisk framdrift, for å levere bærekraftige framdrifts- og energilagringsløysingar til den globale maritime industrien, heiter det i ei pressemelding.

Publisert

SHIFT gjer det mogeleg for den maritime industrien å gå over til nullutslepp med trygge og effektive vannkjølte batterisystem. SHIFT sitt litium-ion batteribaserte ESS kan brukast til hybride eller heilelektriske framdriftssystem for militær, og kommersiell skipsfart. SHIFT sitt kompakte og termisk homogene vasskjølesystem gir mange fordelar for kundar som ynskjer å elektrifisere framdriftssystema i sine skip og offshoreinstallasjonar, eller på landanlegg.

Denne patenterte vasskjølte batteriteknologien til SHIFT har vist seg å forhindre brann i batterisystema på grunn av sin termiske kontroll, segregering og konstante temperaturkontroll i ein homogen robust batteristruktur.

STADT Lean Propulsion® leverer effektive, pålitelege og støyfrie framdriftssystem designa for fartøyet si levetid. STADT sin framdriftsteknologi let seg lett integrere med framtidige kraftkilder av alle slag. STADT har levert elektrisk framdrift og eigen drive teknologi til meir enn 150 fartøy verda over.

Brent Perry, administrerande direktør i SHIFT, seier: "Partnerskap som desse er avgjerande for avkarboniseringa av den maritime sjøfartsindustrien. Vi er stolte av å kunngjere vår nye norske partnar STADT, som er ein leiande leverandør og systemintegrator for elektrisk framdrift. Dette partnarskapet vil tilby våra kundar reduserte driftskostnadar med høg fokus på sikkerheit.

Det vil også støtte næringa si overgang til nullutsleppsløysingar på ein trygg måte.

- Eg er trygg på at SHIFT og STADT vil fortsette å vokse saman for å levere berekraftige løysingar til næringa samtidig som de bidreg til å møte krav fra både kommersielle og militære kundar. Vi er entusiastiske over å ha danna dette partnerskapet med SHIFT. Som pionerar innan våre eigne felt vil selskapa sine teknologiar utfylle kvarandre og fremme elektrifiseringa av skipsfarta globalt på ein framtidsretta måte, seier Hallvard Slettevoll, administrerande direktør i STADT AS.

SHIFT er ein leiande leverandør av reine energiløysingar til mellom anna den maritime marknaden, og har levert sin batteriteknologi på nokon av dei første elektrifiserte fartøya i marknaden, inkludert den fyrste elektriske ferga i Sør-Europa i Aveiro, Portugal, og eit pilotprogram for å elektrifisere havnefartøy ved «Maritime and Port Authority», MPA of Singapore. SHIFT har også fleire større installasjonar på skip i Norge.