HMS «Queen Elizabeth» er på besøk i Noreg for første gong.

HMS «Queen Elizabeth» vitjar Noreg for første gong

Måndag ankom den britiske fartøysgruppa Oslo. Det er første gong HMS «Queen Elizabeth» er i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Skipet har Portsmouth i England som heimstad. Sidan 10. novemer har det vore ute på oppdrag som ein del av den britiske operasjonen Operation Achillean, mellom anna i Nordsjøen. Vitjinga i Oslo skjer i denne samanhengen.

- Noreg og Storbritannia har ein lang og god tradisjon for forsvarssamarbeid. Storbritannia er eit sentralt medlemsland i NATO og ein viktig militær- og sikkerheitspolitisk aktør som Noreg har ulikt samarbeid med, skriv Forsvaret i ei pressemelding.

Felles arena

Sjølv om skipet er i Noreg for første gong har Forsvaret fleire felles arenaer saman med britane.

- Det norske og det britiske forsvaret opererer også fleire av dei same kapasitetane, som gjer oss i stand til å utveksle informasjon og øva saman. Allereie førre veke trente norske F-35 fly, saman med det britiske hangarskipet under ein øvingsaktivitet.

Ikkje ope for publikum

Medan skipet vitjar Oslo, skal det gjennomføra fleire møter og samtalar rundt vidare samarbeid. Som ein del av vitjinga kjem og to fregattar, ein destroyer og eit forsyningsskip.

HMS «Queen Elizabeth» vert liggande ved Søndre Akershuskai i Oslo. Det er ikkje ope for publikum, men er svært synleg i Oslo sitt hamnebasseng.

I følgje NRK skal Statsministar Jonas Gahr Støre møta mannskapet måndag ettermiddag.