Ny kjemikalietankar til Øytank Shipping
Øytank Shipping har fått levert eit nybygg frå eit Kinesisk verft. Fartøyet er eit tankskip utvikla og bygd for frakt av kjemikaliar, olje og oljeprodukt fornærskipsfart.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fartøyet kom til Vigra for vel ei veke sidan, og blir no gjort klart for oppdrag.
Båten er ein IMO 2 kjemikalietankar (TCOP) på 780 dwt. med lastekapasitet på 810 m3. Den er 44,90 m. lang og 10.20 m. brei. Fartøyet har effektive skroglinjer og med 2 motorar som
gir 746 kW gjer den 10,20 knops fart. Båten er bygd for høge miljøkrav med dobbelt botn/dobbelt skrog, den har dobbelt propulsionsanlegg og baugthruster som gir god
manøvrering og den har eit effektivt pumpeanlegg for sikre laste- og losseoperasjonar for fartøyets 8 lastetankar. Fartøyet eiges saman med Shipsinvest AS i Ulsteinvik.
- Politisk fokus på bærekraftig nærskipsfart, kombinert med ein veksande marknad og selskapets kompetanse på frakt av flytande laster, gir grunnlag for vekst og da også denne
kontrahering, uttaler Steinar Uggedal, i ei melding. Han er eigar og leiar for verksemda.