Fiskeri- og havministere Marianne Sivertsen Næss.

Møter maritim næring om tryggleik og beredskap

Torsdag formiddag inviterer fiskeri- og havministeren sentrale aktørar frå maritim næring, offentlege etatar og organisasjonar til eit møte om maritim tryggleik og beredskap.

Publisert Sist oppdatert

– Maritim tryggleik i våre nærområde er viktig for regjeringa. Skipsfarten og den maritime næringa har ressursar og verdiar som er av stor strategisk tyding for Noreg. I den krevjande tryggingspolitiske situasjonen vi står i, må vi gjere det vi kan for å redusere risikoen for uønskte hendingar. Difor er det viktig å samle aktørar til dialog om situasjonen og kva vi kan gjere. Vi må saman styrkje beredskapen og hindre tryggleikstrugande maritim verksemd, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding.

Føremålet med møtet er å presentere den nasjonale tryggleiksstrategien og rolla maritim tryggleik spelar i denne. 

I tillegg ønskjer ein innspel frå næringa om korleis eit meir komplekst trusselbilete påverkar maritim verksemd, forsyningskjeder, kritisk infrastruktur og konkurranseevne.

På møtet deltek representantar frå:

Det norske maskinistforbund, Etterretningstjenesten, Kystrederiene, Kystverket, Maritimt Forum, NHO Sjøfart, Norges Rederiforbund, Norsk Industri, Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffiserforbund, Norske Havner, NSM, PST og Sjøfartsdirektoratet.